Bloggnorge.com // Gullhår
Start blogg

Gullhår

Just another Bloggnorge – Gratis blogg site

Fotball

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Skrevet tirsdag 20. oktober , 2015 kl. 14:44

Eg har spelt fotball siden eg gjekk i første klasse. Vi har alltid vore rundt 20 spelarar på laget, og fire trenarar. Då vi var små vant vi mykje, desverre er det ikkje slik lenger. Eg har mange gode minner frå fotballen. Blant anna frå fotball-cup. Ein gong fekk eg eit heilt fotballlag etter meg. Pappa sa til dei at vis dei spurte om å få danse med meg, skulle han gi dei cola. Eg sprang og gøymde meg på do. Vi har tapt mykje dei siste åra. Vi er faktisk rikskjendisar, fordi pappa la ut eit innlegg på facebook om kor flinke vi er og møte opp, sjølv om vi taper så mykje. Det var etter at vi hadde tapt 1-25. Det var grusomt vær og iskaldt ute. Vi blei gjennomvåte før kampen begynte. Plutseleg skreiv avisene om det. Til og med i Sverige. Du lurer sikkert på kvifor vi er så mange på laget når vi taper så mykje. Det er fordi vi ikkje fokuserar på å vinne, men på å ha det kjekt. I motsetning til andre lag der mange sluttar, kjem det mange nye til oss. I sommar var vi på Norway-cup. Det var veldig kjekt.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.