Kategori: Ukategorisert
London
Hei! I helga var eg i London med foreldra mine. Vi koste oss med mykje god mat og hadde det veldig kjekt. Fredag ettermiddag reiste vi med fly frå Vigra. Den kvelden gjekk vi rundt i byen og åt på ein indisk resturang. På lørdag reiste vi først til en park og såg mykje fint. Så shoppa vi, LENGE! På kvelden åt vi pasta og såg Løvenes konge musikal. På Søndag var vi på Hillsong. DEt var eit minne for livet. PÅ kvelden åt vi på ein veldig fin restaurang. Eg åt burger med søtpotetchips. Mmmm… Til dessert åt vi ostekake. Den var heilt fantastisk, men vi klarte desverre ikkje å ete den opp. Vi gav resten til ein tigger. Han blei veldig glad. Det blei eg også. Det er viktig å glede andre. Ein av tinga eg lærte då eg var på Hillsong var at: Ikkje berre stå å sjå på alt som er gale, gjer noko med det!
Her er ostekaka eg spiste på JW steakhouse.
Intervju med ein over 60
Eg fekk i oppgåve av læraren min å intervjue ein over 60, så eg intervjua bestemor. Eg spurte ho om korleis det var å leve for då ho var ung og eg oppdaga at det var ganske så annleis.
Intervju med ein over 60
Eg har intervjua bestemora mi. Ho heiter Eva og har vokst opp på Stranda saman med foreldra og søskena sine.
Korleis var det å vakse opp i 1950-åra?
«Det var veldig annleis fra korleis det er i dag. Eg har jo fått oppleve den teknologiske revolusjon og spenninga rundt det. Det er veldig kjekt å sjå kor mykje verda har forandra seg på så kort tid.»
Kan du fortelje litt om familien din og plassen der du vokste opp?
«Ja, det kan eg. Eg hadde to foreldre og tre søsken. To eldre brødre og ei søster. Huset vi budde i var meir stort nok. Alle barna hadde eigne soverom. Huset vårt låg nært sentrum av Stranda.»
Kva klede brukte du og kven laga dei?
«Mor mi sydde og strikka alle kleda mine. Ho fekk blant anna tak i stoff til å sy klede av frå bukse fabrikken ved sida av huset vårt. Kleda eg brukte var ganske like dei vi brukar i dag. Det gjekk for det meste i kjolar, skjørt og bukser.»
Kva tenker du om alt presset rundt dagens ungdom?
«Eg tenker at det er jo trist at så mange unge blir så slitne. I mange tilfeller skjer det jo fordi barn og unge sit så lenge foran skjermar at dei blir slitne i hovudet og kroppen. Vi mennesker skal vere ute og vere i bevegelse, ikkje sitte foran ein skjerm.»
Har du ein spesiell opplevelse du vil fortelje om?
«Alt var jo veldig annleis da eg vaks opp. Foreksempel det med barneoppdragelse. Eg hugsar godt at då eg var 11 år gamal fekk eg og venninne mine dra aleine på hytta. Det var ganske spesielt.
Haust
Haust
Fargerike blad.
Det gjer meg så glad.
Bålet knitrar.
Håret glitrar.
Appelsinens årstid
Appelsinen er min.
Men den kan bli din.
Du er så fin.
Han gir deg sin
Fotball
Eg har spelt fotball siden eg gjekk i første klasse. Vi har alltid vore rundt 20 spelarar på laget, og fire trenarar. Då vi var små vant vi mykje, desverre er det ikkje slik lenger. Eg har mange gode minner frå fotballen. Blant anna frå fotball-cup. Ein gong fekk eg eit heilt fotballlag etter meg. Pappa sa til dei at vis dei spurte om å få danse med meg, skulle han gi dei cola. Eg sprang og gøymde meg på do. Vi har tapt mykje dei siste åra. Vi er faktisk rikskjendisar, fordi pappa la ut eit innlegg på facebook om kor flinke vi er og møte opp, sjølv om vi taper så mykje. Det var etter at vi hadde tapt 1-25. Det var grusomt vær og iskaldt ute. Vi blei gjennomvåte før kampen begynte. Plutseleg skreiv avisene om det. Til og med i Sverige. Du lurer sikkert på kvifor vi er så mange på laget når vi taper så mykje. Det er fordi vi ikkje fokuserar på å vinne, men på å ha det kjekt. I motsetning til andre lag der mange sluttar, kjem det mange nye til oss. I sommar var vi på Norway-cup. Det var veldig kjekt.