Bloggnorge.com // Gullhår
Start blogg

Gullhår

Just another Bloggnorge – Gratis blogg site

Intervju med ein over 60

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Skrevet tirsdag 12. april , 2016 kl. 11:53

Eg fekk i oppgåve av læraren min å intervjue ein over 60, så eg intervjua bestemor. Eg spurte ho om korleis det var å leve for då ho var ung og eg oppdaga at det var ganske så annleis.

Intervju med ein over 60

Eg har intervjua bestemora mi. Ho heiter Eva og har vokst opp på Stranda saman med foreldra og søskena sine.

Korleis var det å vakse opp i 1950-åra?

«Det var veldig annleis fra korleis det er i dag. Eg har jo fått oppleve den teknologiske revolusjon og spenninga rundt det. Det er veldig kjekt å sjå kor mykje verda har forandra seg på så kort tid.»

Kan du fortelje litt om familien din og plassen der du vokste opp?

«Ja, det kan eg. Eg hadde to foreldre og tre søsken. To eldre brødre og ei søster. Huset vi budde i var meir stort nok. Alle barna hadde eigne soverom. Huset vårt låg nært sentrum av Stranda.»

Kva klede brukte du og kven laga dei?

«Mor mi sydde og strikka alle kleda mine. Ho fekk blant anna tak i stoff til å sy klede av frå bukse fabrikken ved sida av huset vårt. Kleda eg brukte var ganske like dei vi brukar i dag. Det gjekk for det meste i kjolar, skjørt og bukser.»

Kva tenker du om alt presset rundt dagens ungdom?

«Eg tenker at det er jo trist at så mange unge blir så slitne. I mange tilfeller skjer det jo fordi barn og unge sit så lenge foran skjermar at dei blir slitne i hovudet og kroppen. Vi mennesker skal vere ute og vere i bevegelse, ikkje sitte foran ein skjerm.»

Har du ein spesiell opplevelse du vil fortelje om?

«Alt var jo veldig annleis da eg vaks opp. Foreksempel det med barneoppdragelse. Eg hugsar godt at då eg var 11 år gamal fekk eg og venninne mine dra aleine på hytta. Det var ganske spesielt.

 

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.